Norges forskningsråd
  Bladet "Forskning" nr 3 -1996 Til Forsiden    Totaloversikt

Sjølvbiografi som kjelde for samfunnsvitskapen:

Fakta, fiksjon og kvardagsfilosofi

"Skriv ditt liv!", laud ei oppfordring til norske kvinner og menn for nokre år sidan. Den nasjonale sjølvbiografikonkurransen resulterte i 630 innsende arbeid, og av desse har LOS-forskar og sosialantropolog Marianne Gullestad valt ut fire historier som ho prøver å stille ei samtidsdiagnose ut ifrå.

Arbeidet har nyleg blitt publisert i boka Everyday Life Philosophers, og reaksjonane har gått like mykje på metoden som på resultata.

– Mange vil nok meine det er galskap å basere ei samfunnsvitskapeleg bok på berre fire personar og deira historier, men eg har prøvd å lage ei bok i grenselandet mellom samfunnsvitskap og humaniora som går i djupna meir enn i breidda, seier Gullestad, og legg til at det vert opp til lesarane sjølve å dømme om dette er ei fruktbar arbeidsform.

Dei fire livshistoriene er skrivne av to kvinner og to menn: Einar frå Nord-Norge er "skapsame" og tidlegare fiskar; husmora Kari frå Gamlebyen i Oslo opplevde ein barndom der arbeiderrøyrsla stod sentralt; Øyvind frå Trondheim var selgar med kunstnariske talent, medan den unge Cecilia utviklar sterke religiøse interesser i jakta på å finne seg sjølv.

Ekperimentering nødvendig

Everyday Life Philosophers er skriven i ein periode kor samfunnsvitskapen er inne i ein kritisk periode. Positivismen med sitt gap mellom teori og empiri har blitt forsøkt gjort meir haldbar med avanserte undersøkjingsmetodar, men utan at dette heilt har lukkast. Gullestad meiner at samfunnsforskarane burde gi opp jakta på den fullkomne metoden, og heller sette meir lit til ei tolkande forståing av sosialt liv.

Hennar inntrykk er at dagens samfunn på same tid er både overanalysert og grunnleggjande underanalysert.

– Vi har mykje informasjon, men lita forståing, seier ho, og legg til at endringane i samfunnet krev ny teori og nye metodar. Innanfor sosialantropologien er dei klassiske landsbystudiane til dømes ikkje lenger dekkjande for dei kunnskapane vi ser på som viktige i dag.

Gullestad sitt svar på utfordringa har vore å eksperimentere. Arbeidet hennar representerer ei ny form for kvalitativ etnografisk forsking – mykje gjennom den uvane og eksperimentelle samansetjinga av idéar og analyseverktøy frå ulike fagdisiplinar. Ho har mellom anna kopla den sosialantropologiske tilnærminga si med modernitetsteori, litteraturteori, feministisk teori, identitetsstudiar og politisk teori.

Ho har prøvd å velje ut tekstar skrivne av "vanlege menneske". Men sjølv om ho har vektlagt sosiologiske forskjellar understrekar ho at ho ikkje har arbeidd ut ifrå noko mål om statistisk representativitet:

– Som kulturanalytikar er eg interessert i fenomen som er felles for fleire. I analysa av livshistoriene har eg konsentrert meg om det livshistoriene skisserer av dilemma, verdiar, forteljarstrategiar og forståingsmåtar som også andre kan kjenne seg att i. Spesielt har eg vore interessert i å analysere fram kva for verdiomgrep forfattarane nyttar for å forstå seg sjølve og det samfunnet dei lever i. Samtidig meiner eg òg at mykje av sosiologien og sosialantropologien reduserer enkeltindividet til berre å vere ein sosial storleik. Difor har eg prøvd å gjennomføre analysene mine på ein slik måte at det unike ved kvar enkel forteljing òg skal kome klart til syne – men altså utan at dette vert hovudtemaet, seier ho.

Ett pluralistisk samfunn

Antropologien har hatt tradisjon for å studere det eksotiske og avvikande, medan det normale og vestlege meir har blitt teke for gitt. Gullestad sitt prosjekt freistar imidlertid å angripe og teoretisere nettopp det trivielle og vestlege – men typisk nok på eit tidspunkt kor nettopp pluralisme og globalisering har blitt hovudtendensar i samfunnsutviklinga.

Vi syner ofte til innvandrarane når vi skal forklare kvifor samfunnet vårt har fått sterke fleirkulturelle drag. Men Gullestad hevdar at utviklinga truleg ville teke denne leia uansett, og at innvandrarane først og framst representerer eit bilete på henne – dessverre ofte eit negativt bilete, legg ho til, for medan vi gjerne tillegg omgrepet pluralisme positive verdiar, har vi ein tendens til å gi innvandrarane skulda for det negative som den pluralistiske utviklinga har ført med seg.

Sjølv om Gullestad trekk fram kulturelt mangfald som eit dominant trekk i dagens samfunn, understrekar ho at det er problematisk å snakke om kulturar og subkulturar som om dei skulle vere eintydig definerte grupper.

– Kvart menneske er på eit vis ein hybrid som deltek i mange ulike samanhengar, seier ho.

Frå nyttegjering til sjølvrealisering

I livshistoriene ser Gullestad ei endring i sentrale sjølvforståings-omgrep frå å vere "til nytte" til å vere "seg sjølv".

– Desse endringane inneber at verdiformidlinga til barn og unge har endra seg frå ei vektlegging av lydnad til meir vekt på diskusjon, forhandlingar og overtaling, seier ho.

Og for individet inneber utviklinga at det å "finne seg sjølv" nærmast har vorte eit kollektivt ideal. For i eit tilvere prega av globalisering og fragmentering kjenner stadig fleire trong til å reflektere over eige liv. Kva val ein har teke undervegs, og kva vegar ein vil leggje den vidare ferda inn på, blir spørsmål som uvilkårleg heimsøkjer det moderne mennesket. Og ein måte å finne dette "sjølvet" på er nettopp gjennom å skrive sitt eige liv. Den autobiografiske sjangeren har då også hatt ein sterk framvekst parallelt med samfunnet si individorienterte utvikling. Og teoretikarar sporar symptomatisk nok òg eit skifte i tyngdepunkt frå bios (liv) til auto (sjølv).

Cecilia tek fridommen til å finne seg sjølv som ei sjølvfølgje. Men ho har problem med å takle trongen til å vere spesiell utan å kjenne seg einsam. Ho vil gjerne vere unik, men har eit sterkt ønske om å finne vener som er like henne. – Desse motstridande ønska representerer eit paradoks i tida, meiner Gullestad. For medan vi altså set verdiar knytte til sjølvrealisering svært høgt, ligg mykje av den sosiale tryggleiken i einingar som representerer likskap.

– Verdien ved å finne seg sjølv gjer den enkelte meir fri, men òg meir sårbar og avhengig av å finne andre, liknande menneske som kan gi ein positiv stadfesting. Kven ein "er" blir difor både eit spørsmål om kva som gjer at ein skil seg ut, og om kva som bind ein i hop med andre. Men utviklinga har altså sett det individuelle og unike i framgrunnen, medan forankringa til andre menneske har kome i bakgrunnen. – Ingen vil i dag vere som folk flest, avsluttar Gullestad, og legg til at den tida er forbi, då det var mogleg å snakke om ein norsk normalitet og ein norsk einskapskultur som politiske mål for samfunnet vårt.

 

– Merete Ellingsen

 

   
Fritekstsøk i Forsknings arkiv

Arkiv
Notiser
Debatt
Publikasjoner
Kalender
Bladet Forskning




Kommentar: Forskningsdager på Torgalmenningen
Direktøren har ordet: Vi satser på formidlingen
Nye områdestyrer
Christian Hambro: Invester i forskning!
Flere kvinner tar doktorgraden
NTH-rektoren overtar ved NTNU
Raufoss ut i verdensrommet
Ny slaktemetode gir bedre laks
– Kundene krever kvalitet
Sjølvbiografi som kjelde for samfunnsvitskapen: Fakta, fiksjon og kvardagsfilosfi
Naturvitenskap og teknologi med nytt formidlingsprogram
Portrett: Stø kurs
Universitetet på høyden
Høyteknologisenteret: Unike eksperimenter med fiskelarver
Forskar med pennen i rette handa
Ivar Aasen-jubileum: Institutt med nynorsk som forskningsfelt
 
 
    Innhold dette nummer   Totaloversikt
  Denne siden ble oppdatert 11.09.1999 av PDC Tangen
 
Norges forskningsråd   Bladet Forskning

Norges forskningsråd
forskning@forskningsradet.no