Norges forskningsråd
  Bladet "Forskning" nr 3-2002 Til Forsiden    Totaloversikt

Ansikt til ansikt:

Good day, professor!



FOR OG IMOT: Det er ein ekstragevinst for studentane våre at dei får erfaring med å diskutere fag på engelsk, meiner studiedekan og medisinprofessor Borghild Roald ved Universitetet i Oslo. Professor i nordiske språk ved Universitetet i Bergen, Helge Sandøy, meiner at det lett kan bli reproduksjon av dårleg norsk-engelsk, og så lurer ein seg sjølv til å tru at det er engelsk. (Foto: Trond Isaksen)

Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) ønskjer å opne for meir bruk av engelsk i undervisninga ved norske høgskular og universitet. På medisinstudiet i Oslo har dei alt gjort det. Men kan norske studentar, lærarar og forskarar engelsk godt nok til å undervise, lære og publisere på dette språket?

I Noreg har vi for mykje sjølvtillit når det gjeld vår evne til å uttrykkje oss på engelsk. Altfor mange hevdar utan å raudne at dei kan flytande engelsk, mens det i grunnen er norsk-engelsk dei bruker. Får vi ikkje med oss den språkkritiske kontrollen, så går vi i grøfta, meiner Helge Sandøy.

Han er professor i nordiske språk ved Universitetet i Bergen og mangeårig medlem av Norsk språkråd. Som resten av Språkrådet er han skeptisk til UFDs forslag om å fjerne føresegna i universitets- og høgskulelova om at «undervisningen ved universitet og høyskoler til vanlig skal foregå på norsk». Sandøy er også skeptisk til det dramatiske grepet som professor i medisin og studiedekan Borghild Roald har gjort i retning av å innføre engelsk som undervisningsspråk. Ho og resten av leiinga ved medisinstudiet ved Universitetet i Oslo har nemleg bestemt at studentane og lærarane berre skal snakke engelsk saman i eit heilt semester. Det er første gongen ei slik ordning er innført i eit profesjonsstudium ved eit norsk universitet.

Forskning: Departementsforslaget som går ut på å endre føresegna om at norsk skal vere normalspråket i undervisninga, har no vore på høyring. Det viser seg at eit overveldande fleirtal i universitets- og høgskulemiljøa er for å fjerne føresegna. Høgst sannsynleg går denne lovendringa glatt igjennom i Stortinget. I dag ser dei fleste at det er nødvendig å bruke andre språk enn norsk i undervisninga, med tanke på å opne høgare utdanning i Noreg for samarbeid med utlandet. Men Språkrådet driv med språkvern. Er ikkje dette bakstreversk?

Sandøy: Nei. Vi erkjenner at vi lever i eit samfunn der det er viktig å kunne fleire språk, samtidig som vi vil markere tydeleg at norsk skal vere hovudspråket i undervisninga innanfor høgare utdanning i Noreg. Av fleire grunnar. Vi er forundra over at departementet vil oppheve denne regelen. Det er eit tiltak som direkte motarbeider den verksemda som blir driven for å styrkje norsk språk. I staden bør ein heller supplere lova med eit krav om at universitet og høgskular sikrar ei forsvarleg opplæring i andre språk enn norsk, i samanhengar der det reelt er tenleg og nødvendig. Vi ønskjer å vere konstruktive, og har levert eit forslag til ei meir presis formulering i lova.

Forskning: I januar i år vart studiekvardagen kraftig endra for studentar og lærarar i niande semester ved medisinstudiet i Oslo. Då vart plutseleg all strukturert undervisning på engelsk, samtidig som både studentar og lærarar vart bedne om å snakke engelsk med kvarandre. Kvifor gjorde de dette?

Roald: Engelsk er det internasjonale medisinske fagspråket.


(Foto: Trond Isaksen)

"Det er ein fordel at det globale forskarsamfunnet har eit felles fagspråk."

Det lettar flyten av informasjon. Store delar av forskingsformidlinga er derfor på engelsk. Mykje av faglitteraturen vi les, er på engelsk. På internasjonale kongressar blir det oftast snakka berre engelsk. Vi ser det derfor som ein ekstragevinst for studentane våre at dei alt i studietida får erfaring i å diskutere fag på engelsk. Dessutan er det ei praktisk side ved det: Mange av studentane våre ønskjer å ta ein del av studietida si ved eit anna universitet. Erasmus-ordninga er eit utvekslingsprogram mellom land i Europa. Det er stor rift om plassane ved dei engelskspråklege universiteta. Medisin er eit kostbart studium, men med tosidige utvekslingsavtalar, som inneber at vi byter studentar, er sjølve studiet gratis. Det har likevel vore vanskeleg å få ikkje-nordiske studentar hit, fordi få ønskjer å lære norsk for undervisning i eitt semester. Ved å innføre eitt semester med undervisning på engelsk blir det større sjansar for oss til å ta imot utanlandske studentar. Dermed blir det større sjansar for våre studentar til å reise ut. No har vi faktisk vorte interessante for fleire framståande britiske universitet, der det nærmast har vore umogleg å få utveksla våre studentar tidlegare. Vi utvekslar også studentar med gode universitet i Australia, USA og land i heile Europa.

Sandøy: Eg vil ikkje kritisere det de har gjort på medisin. Det er sikkert ein god idé å leggje inn engelskkurs. Men eg stussar over opplegget: Er det verkeleg effektiv engelskopplæring at norske studentar og lærarar snakkar engelsk seg imellom, utan at språkkunnige kvalitetssikrar språket? Det kan lett bli reproduksjon av dårleg norsk-engelsk, og så lurer ein seg sjølv til å tru at det er engelsk. Vi har ei rekkje spesialistar på dette området i Noreg. Engelskpedagogar og engelskspesialistar bør etter mi meining trekkjast inn i denne undervisninga og lære dykk korleis de kan få ei mest mogleg effektiv opplæring og trening i språket.

Roald: Det er medisin studentane våre hovudsakleg skal lære. Vi ser på språket som eit verktøy, ikkje som ein studiepremiss. Språket gjer det mogleg å kommunisere på tvers av geografiske og språklege grenser. Vi er opptekne av at studentane skal bli så flinke i engelsk som mogleg, men har ikkje som målsetjing at dei skal lære seg perfekt engelsk. Det er der vi legg lista, og det vil eg forsvare. Men det er for eksempel valfritt om studentane vil ha eksamen på norsk eller engelsk.

Forskning: Læring er ein mental prosess som er sterkt knytt til språket. Blir ikkje læringsprosessen vanskelegare når all kommunikasjon går føre seg på eit framandspråk?

Sandøy: All samtale og fagleg formidling skjer gjennom språk. Det språklege er der, både i medvitet og i undermedvitet, sjølv om det er faget som er objektet for samtaleemnet. Eg er ikkje det minste i tvil om at den undervisninga vi nordmenn gir på engelsk, språkleg sett er kvalitativt dårlegare enn det engelskspråklege lærarar kan gi. Fagleg sett er ho òg dårlegare. Vi greier ikkje å vere like spontane på eit anna språk som vi er på norsk.


(Foto: Trond Isaksen)

"Det er mest effektivt å lære ved hjelp av morsmålet, uansett fag."

Når norske lærarar underviser norske studentar på engelsk, blir det lett eit rollespel.

Roald: Vi har heilt bevisst valt niande semester, som handlar om kvinnesjukdommar, fødselshjelp og barnesjukdommar, som semesteret med fellesundervisning på engelsk. Det kjem såpass seint i studiet at studentane er trygge på mykje av den generelle medisinen. Spesielt kvinnesjukdommar og fødselshjelp er fag med viktige globale perspektiv. I Oslo kjem dessutan svært mange av dei som føder, frå eit anna land. Ofte treng ein engelsk. Eg opplever det ikkje som eit rollespel i det hele. Å lære seg å lytte og vere medviten om den usikkerheita framandspråklege pasientar har når dei leitar etter ord, er ei viktig røynsle for studentane våre.

Sandøy: Dei fleste medisinarar skal trass alt praktisere her i Noreg og stort sett kommunisere med norske pasientar. Mange andre fag har større behov for kontakt utover landegrensene enn medisin, vil eg tru.

Roald: Det er lagt mykje vekt på kommunikasjon i vår studieplan. Nettopp i eit fag som medisin, der ein skal lære å snakke med menneske som skal fortelje om dei mest intime plager, er det viktig at ein snakkar eit språk som er naturleg både for lege og pasient. Samtale er òg ein viktig del av behandlinga legen gir pasienten. Normalundervisninga i medisin i Noreg må derfor sjølvsagt vere på norsk. Det er opplagt, så det diskuterer vi ikkje eingong. I kommunikasjonen med pasientane er det pasienten sitt behov som kjem i første rekkje. Samtaler med barn skal ein alltid ha på norsk. Det er plenumsundervisninga, forelesingane og gruppediskusjonane som skal haldast på engelsk.

Sandøy: Alt dette er greitt, men då må de ha ambisjonar om å bli flinkare i engelsk! De tek for gitt at norske studentar kan engelsk, og det synest eg faktisk de bør tenkje over. Eit mål for Noreg, som skal lære seg til å leve i eit internasjonalt samfunn der norsk ikkje kan vere tilstrekkeleg på alle område, må vere at vi òg skal ha ein ambisjon om å lære oss framandspråk betre. Dessutan ikkje berre engelsk.

Forskning: Ei doktorgradsavhandling ved Universitetet i Bergen viser at dei skriftlege engelskspråkferdigheitene hos norske studentar er skremmande dårlege. Studentar ved universitet og høgskular meistrar ikkje grunnleggjande grammatikk, og gjer skriftlege feil ein heller hadde venta av elevar i grunnskulen. Er då løysinga å gå over til undervisning på engelsk?

Roald: Norske legar og studentar klarer seg greitt når dei er ute og reiser, og i sosiale samanhengar, og dei les mykje faglitteratur på engelsk. I ein meir profesjonell språkkommunikasjon der dei sjølv skal formidle, blir det verre. Slik sett er eg samd med Sandøy i at eit støtteopplegg i engelsk kunne vere greitt å sjå på. Det vil vi vurdere når vi skal evaluere dette opplegget etter ein prøveperiode. Men vi må ikkje la det beste bli til hinder for det gode. Medisinstudiet er eit stramt strukturert og tettpakka seksårig studium. Vi har ikkje høve til å velje bort noko særleg. Kor mykje av den avgrensa tida vi har i studiet, skal studentane bruke til å lære språk? I førebuingane til niande semester med undervisning på engelsk arrangerte vi rett nok frivillige og populære munnlege kurs i engelsk for lærarane, i samarbeid med Institutt for britiske og amerikanske studier, Historisk-filosofisk fakultet.

Forskning: Utviklinga går meir og meir i retning av auka internasjonalisering. Trur de at det blir stadig fleire utdanningsinstitusjonar som vel å innføre engelsk som undervisningsspråk?

Sandøy: Ja, men måten du bruker ordet internasjonalisering på, er uheldig. Det er ikkje nødvendigvis internasjonalisering å lære engelsk. Ei slik haldning kan lett føre til ei anglifisering, både i språk og sinn. Internasjonalisering må jo vere at ein lærer om mange andre samfunn, ikkje berre det engelske. Det må òg vere mogleg å utvikle tysk, fransk eller andre framandspråk ved høgare utdanningsinstitusjonar. I dag har ordet internasjonalisering vorte eit moteord som ofte blir brukt for å skaffe pengar. Ein bør, etter mi meining, tenkje betre over kva som ligg i ordet. Det er òg veldig viktig i ein internasjonaliseringsprosess å gjere det norske interessant. Elles blir vi husmenn som trur at vi berre skal få inn impulsar utanfrå. Vi skal òg vere bidragsytarar og gi noko til andre.

Roald: Ja, eg trur det kjem til å bli meir undervisning på engelsk i åra framover. Men det ville vere eit blindspor viss all undervisning skulle vere på engelsk, slik enkelte har hevda. Eg håpar og trur at det blir lagt inn modular på andre språk i fleire studium på høgskule- og universitetsnivå; – modular som ein naturleg kjem til å velje gjennom eit studieløp. Slik kan det bli større flyt av personar inn og ut av norske universitet. Fleire vil kome inn, og fleire reiser ut. Det trur eg er bra for Noreg og nordmenn.

Sandøy: Det er eit demokratisk aspekt ved dette med å la faget bli «overteke» av eit anna språk enn morsmålet. Utdanning skal vere tilgjengeleg for alle i Noreg i dag. Alle har rett til deltaking, informasjon og innsyn. Derfor bør norsk vere hovudspråket i flest mogleg fag. Vi var veldig glade for at det vart slutt på latin, og at massane skulle kunne ta del i opplysninga, ikkje berre eliten. La oss ikkje vere nøydde til å ta opp denne kampen igjen!

Omsett fra bokmål av Aud Søyland

– Siw Ellen Jakobsen.
   
Fritekstsøk i Forsknings arkiv

Arkiv
Områdesider
Notiser
Kalender
Bladet Forskning




Kommentar: Rikets Miljøtilstand 2030 – avslappet fremtidsvurdering
Redaksjonelt: Et godt råd
Direktøren har ordet: Skatteinsentiv for forskning er bra, men ikke nok
Nå får Norge elitesentre for forskning
Vilje til forskning
Evalueringen av Forskningsrådet – quo vadis?
EUs nye forskningsprogram tar form
9 punkter om 6. rammeprogram
Portrett: Tåler kjeft
Ansikt til ansikt: Good day, professor!
Velkommen til fremtiden
Når de fattige betaler
Et minelagt felt
Virtuell satsing gav reell fortjeneste
Historisk konferanse om alternativ medisin
Sykehusleger er dårlig oppdatert
Foreldre har begrenset autoritet
 
 
    Innhold dette nummer   Totaloversikt
  Denne siden ble oppdatert 07.06.2002 av PDC Tangen
 
Norges forskningsråd   Bladet Forskning

Norges forskningsråd
forskning@forskningsradet.no