![]() |
|
| Bladet "Forskning" nr 2-2003 |
Søknader til Noregs forskingsråd for år 2004Noregs forskingsråd er ein sentral institusjon i norsk forsking og forvaltar norsk årleg 3,5 mrd kroner. Forskingsrådet skal fremje grunnleggjande forsking og bruksforsking innanfor alle fagområde. Eit viktig mål er å styrke det generelle kunnskapsnivået i samfunnet og fremje nyskaping for alle sektorar og næringar. Forskingsrådet lyser ut midlar for prosjekt med oppstart 2004. Første søknadsfrist 15. juni 2003. Andre fristar vil bli særskilt kunngjorde. Informasjon om tilgjengelege midlar, søknadsskjema og rettleiing finn du på www.forskningsradet.no/soknad, som vil vere oppdatert frå slutten av april. Forskingsrådet gir også ut ei kortfatta brosjyre som vi sender faste adressatar i starten av april. Brosjyren (berre bokmål) og søknadsskjema (bokmål, nynorsk og engelsk) kan du også få ved å vende deg til Forskingsrådet på e-post info@forskningsradet.no , telefaks 22 03 70 01 eller telefon 22 03 70 00. |
|
|
|
| Denne siden ble oppdatert 15.04.2003 av PDC Tangen |
Norges forskningsråd   Bladet Forskning |
|
![]() |
Norges forskningsråd forskning@forskningsradet.no |