Nokre faglege satsingar for barn og unge
Abelkonkurransen
Niels Henrik Abels matematikkonkurranse blir arrangert av Norsk Matematisk Foreining i samarbeid med Abelprisen. Konkurransen blir i tillegg støtta av Utdanningsdirektoratet, Abelfondet og Forskingsrådet. Det er ein konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i den vidaregåande skolen.
www.abelkonkurransen.no
Andre fagkonkurransar, sjå:
www.konkurransene.no
Forskarfabrikken
Forskarfabrikken i Oslo gir barn og ungdom frå 5. til 10. trinn muligheit til å fordjupe seg i forsking og teknologi på fritida i ein større hastigheit enn skolen legg opp til. Forskarfabrikken koordinerer også spreiing av fritidstilbudet til andre regionar. I dette arbeidet får Forskarfabrikken støtte av Ferd-konsernet, og dei tilbyr lærarkurs, sommarskole, forskarbursdag, bedriftsevents og konsulenttenester. Forskarfabrikken vart grunnlagt i 2002. Målet har vore å utvikle eit fritidstilbod til barn rundt forsking og teknologi slik det allereie er fritidstilbud innafor idrett og musikk.
www.forskerfabrikken.no
Vitensenter
Eit vitensenter er eit populærvitskapleg senter for opplevingar og læring innafor matematikk, naturvitskap og teknologi. Her skal lærelystne i alle aldrar lære ved å eksperimentere sjølv. I eit vitensenter kan barn og vaksne utforske fenomen knytta til natur, miljø, helse og teknologi gjennom eigen aktivitet og i samarbeid med andre. Vitensentra får øyremerkde midlar frå KD – koordinert av Forskingsrådet – som blir fordelte mellom dei sju regionale sentra.
www.vitensenter.no
Galileoskopet
Galileoskopet er eit teleskopbyggesett spesielt utvikla for Det internasjonale astronomiåret 2009 (sjå s. 23). Om lag 15 000 av desse og aktivitetsheftet Vårt fantastiske univers skal delast ut som klassesett til alle norske skolar som melder sin interesse. Galileoskopet er ikkje ein tru kopi av Galileo sitt instrument – det er faktisk mykje betre, både når det gjeld biletkvalitet og synsfelt. Forskingsrådet er ein av støttespelarane bak denne satsinga, saman med Naturfagsenteret og vitensentra.
www.astronomi2009.no
Ungt Entreprenørskap
Ungt Entreprenørskap (UE) vart etablert i 1997 og har som visjon å inspirere unge til å tenkje nytt og til å skape verdiar. Ungt Entreprenørskap har utvikla program for heile utdanningsløpet. Alle programma har entreprenørskap som hovudtema, og kan vare frå fem timar til 80+ timar. I samspel med skoleverket, næringslivet og andre aktørar, har UE som formål å utvikle kreativiteten, skapargleda og trua på seg sjølv hos barn og unge.
www.ue.no
FIRST Scandinavia
FIRST Scandinavia er ei skandinavisk stifting som har som formål å stimulere interessa for naturvitskap og teknologiske/matematiske fag hos barn og unge. Dei største prosjekta dei arbeider med er FIRST LEGO League (FLL), Newton Camp og Newton-rom. FLL er ei teknologiturnering for barn og unge i alderen 10–16 år. Sia 2000 har 21000 barn delteke i FLL. Ut frå eit samfunnsrelevant tema får laga i oppgåve å designe og byggje ein robot, og etter åtte veker med førebuingar er det turnering med robotløp og teoretisk presentasjon. Newton Camp er ein leir for barn på 5.–7. trinn som skal gi gode opplevingar, læring og ei kjensle av meistring ute i naturen. Newton Camp er eit samarbeidsprosjekt i regi av Tekna og Den Norske Turistforening. Newton-rom er undervisningsstader med hovudvekt på dei naturvitskaplege fagområda i læreplanen. Stiftinga får støtte frå Forskingsrådet.
www.firstscandinavia.org
Forskingsdagane
Forskingsdagane er ein nasjonal festival i regi av Forskingsrådet, og går føre seg over ti dagar kvar haust. Under festivalen har om lag 200 forskingsinstitusjonar over heile landet ulike typar arrangement for å spreie kunnskap og vise fram forskingsaktivitetar og -resultat til ålmenta. Også barn og unge er blant målgruppene for festivalen, og i tillegg til mange enkeltarrangement hos institusjonane, blir det kvart år arrangert eigne skoleprosjekt i eit samarbeid mellom skolelaboratoriet ved UiB, Naturfagsenteret, NILU og Forskingsdagane.
www.forskningsdagene.no
– Therese Farstad
|
|

Arkiv
Notiser
Bladet
Forskning
|
 |
Redaksjonelt: ... som god krok skal bli |
 |
Fem om forskningsmeldingen |
 |
Forskningsmelding med bra oppdatering |
 |
Vil ha flere forskningssupportere |
 |
– Det viktigste er en god lærer |
 |
Sukkersøt forskning |
 |
Med forskning
på timeplanen |
 |
Tenåring reiste til Midtøsten for å forske |
 |
Prisdryss for
ungdommelig forskning |
| |
|
Nokre faglege satsingar for barn og unge |
|
 |
– Si det enkelt! |
 |
Portrettet: Ole Danbolt Mjøs |
 |
Fra gammaglimt til mammografi |
 |
Ansikt til ansikt: Hva er vitsen med programforskningen? |
 |
Et løft for internasjonalt helsearbeid |
| |
|
Indernes helse blir systematisert |
|
 |
I søkelyset: Fikk millioner
for matematikk |
 |
Tall fra Forskningsrådet: Her ligger seks milliarder forskningskroner |
 |
Nå snur det |
|
|